«Bergljot står alene. Kjersti Elvik er enestående», skrev Dagbladet om for sin tolking av rollen som Bergljot i Arv og miljø. Foto: Siren Høyland Sæter/Det Norske Teatret.

Söndag tar Jessica Gedin imot den norske forfatterinnen Vigdis Hjort i litteraturprogrammet «Babel» på SVT 2. Det er etter det Nordens Nyheter viktig å få presenter böker og andre arbeider for et större skandinavisk publikum.

Kritikarane henta fram dei store superlativa da Vigdis Hjorths omdiskuterte og sjølvbiografiske Arv og miljø hadde premiere på Den Nationale Scene i Bergen i 2018. No får framsyninga nypremiere på Det Norske Teatret – framleis med Kjersti Elvik i hovudrolla – flankert av eit heilt nytt og knallsterkt ensemble.

ARV OG MILJØ
av Vigdis Hjorth
NYPREMIERE LAURDAG 3. MAI KL. 18.00
HOVUDSCENEN

Kva er sanning? Og kven har rett til å definere kva som er sant og kva som ikkje er det? I regissør Kjersti Horns rå og ærlege uttrykk, og med bruk av videoprojeksjonar, kjem vi tett på hovudpersonen Bergliot si overgrepshistorie og hennar grenselause fortviling. Kjersti Elvik står aleine på scenen gjennom heile den to timar lange framsyninga. Resten av familien kjem til syne over hovudet hennar på ein storskjerm.

Starta eksplosiv debatt

Arv og miljø er ei dramatisering av Vigdis Hjorths omdiskuterte roman, som sette fyr på debatten om såkalla verkelegheitslitteratur da den kom ut i 2016. Romanen blei ein bestseljar og trefte lesarar over heile landet med si brutale skildring av familierelasjonar og løyndomar som boblar opp til overflata.

Det heile blir utløyst av eit arveoppgjer i samband med at faren til Bergljot døyr. I kjølvatnet av ei konflikt rundt to sommarhytter på Hvaler, blir gamle historier om overgrep og ulike oppfatningar av kva som eigentleg har skjedd sett i spel.

Samtale med Vigdis Hjorth

Foto: Sara Angelica Spilling/Cappelen Damm.

Tysdag 6. mai kl. 18.00 er publikum invitert til ein introduksjon med forfattar Vigdis Hjorth i samtale med leiaren i Vennelaget Astrid Versto. Denne introduksjonen er i samarbeid med Venner av Det Norske Teatret. Som Nordens Nyheter skriver, presenteres Vigdis Hjorth i litteraturprogrammet «Babel» i Sveriges Television.

KIlder: A/S Nordens Nyheter, «Det norske Teateret». Foto: Se tekst under hvert bilde.

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*