Christian Ruud Kallum som Robert Lehman, den siste Lehman som leia banken. Foto: Erika Hebbert.

15. september 2008 gjekk storbanken Lehman Brothers konkurs, og utløyste det som skulle bli ei global krise i finansmarknaden. Etterverknadene etter denne merkest framleis. Lehmantrilogien er historia om dei som kom frå ingenting, skapte seg eit levebrød, bygde stein på stein og til slutt stod med ein monsterbygnad så høg at grunnen gav etter.

LEHMANTRILOGIEN
av Stefano Massini
NOREGSPREMIERE FREDAG 27. AUGUST KL. 18.45
HOVUDSCENEN

I 1844 steig Henry Lehman, ein tysk immigrant blant mange, i land på kaia i New York. Han eigde berre det han kom og stod i, men skrapa saman til å leige eit lokale i Alabama og starta ein butikk han kalla Lehman. Seinare kom dei to yngre brørne over Atlanteren, og tittelen på butikken endra seg til Lehman Brothers, eit namn bedrifta skulle behalde vidare når dei stadig gav seg i kast med nye affærer. Det var bomull, jordbruksreiskapar, jernbane, radio, filmindustri – og til slutt det vi alle forbind dei med i dag: den amerikanske storbanken Lehman Brothers. 

LES OGSÅ: Gigantkonkursen som endra verda av professor i moderne økonomisk og politisk historie.

Familiekrønike

Lehmantrilogien handlar ikkje om kva som hendte etter konkursen, men er ei rik forteljing om alt det andre. Det er ei historie om den vestlege kapitalismens framvokster, om den amerikanske draumen, om tradisjonar og etiske følgereglar som forvitrar med generasjonars gang og integreringa i eit nytt samfunn, om familieband, motsetnader mellom dei med framtidsoptimisme og trua på kjappe pengar – og dei som vil halde på det gamle, om ære og mangel på moral. Det er beretninga om ein liten familieforretning som endte opp med å bli verdas største finansgodstog – og som spora av så grandiost at det tok resten av finansverda med seg.

Stor forteljing – stort teater

Maren E. Bjørseth har tidlegare markert seg som ein regissør med grep om de store episke forteljingane. Til Lehmantrilogien har ho eit dyktig skodespelarlag med seg. Marie Blokhus/Ina Svenningsdal, Christian Ruud Kallum, Ingunn Beate Øyen, Kyrre Hellum, Ane Dahl Torp og Eivin Nilsen Salthe spelar alle 6 hovudkarakterar kvar, i tillegg til over 30 bikarakterar totalt. https://player.vimeo.com/video/545463068?h=5767cce379

Saman har dei skapt eit verk som tar i bruk heile teaterets verktøykasse. Både i tempo, rytme og med overskot maktar dei å tråkle seg gjennom 164 år med jødisk immigranthistorie, familielykke og -feidar, kapitalismens framvokster og amerikansk samtidshistorie. I dei talrike rollene vekslar skodespelarane mellom alder, kjønn, stil og temperatur. Olav R. Myrtvedt har gjennom ein enkel scenografi gjenskap alt frå Alabamas bomullsmarknader til New Yorks børsgolv godt hjelpt av lysdesignar Norunn Standdal. Kostymedesignar Gjøril Bjercke Sæther har komponert dette dress-dramaet i tråd med dei skiftande snitta frå midten av 1800-talet og fram til i dag. Koreograf Ida Wigdel og komponist og lyddesignar Alf Lund Godbolt sørgjer for puls og rytme i dansen rundt gullkalven. Lehmantrilogien er eit fasinerande familiedrama om ein familie som kom til å endre verda.

Frå West End til Broadway

Det Norske Teatrets versjon av Massinis manus til Lehmantrilogien er omarbeidd ved regissør Maren E. Bjørseth og dramaturg Anders Hasmo. Underlaget er ved den italienske forfattaren og dramatikaren Stefano Massini, som har skrive eit nærast episk dikt om Lehman-familiens oppsving og fall. Boka blei først oppført som teater i hans eigen dramatisering ved eit teater i Frankrike i 2013. I 2015 leste Hollywoodregissøren Sam Mendes (American Beauty, 1917, Skyfall, Road to Perdition) nekrologen over regissøren av stykket, og merkte seg at han hadde sett opp eit teaterstykke om Lehman-familien. «Som alle andre da Lehman Brothers krasjlanda, var eg heilt besett av menneska bak», har han sagt i intervju med magasinet Vogue. Han fekk tak i manuset og engasjerte Ben Power ved National Theatre i London til å lage ei ny omarbeiding. Etter premieren på National Theatre i London i 2018 blei denne vist på West End – og etter korona-utsetjing skal framsyninga opp på Broadway i USA i september. Men først er det altså premiere på vår versjon på Det Norske Teatret.

Direktør Hans Antonen på Det Norske Teateret i Oslo.

Les meir om Lehmantrilogien på nettsidene våre


Det Norske Teatret er Noregs største teater for refleksjon, oppleving og underhaldning. Teateret ligg sentralt i hovudstaden i eit moderne teaterbygg frå 1985 med 3 faste scenar, og over 250.000 publikummarar årleg

.

Skriv en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

*